Hopp til innhold

- Vestkapp kunne vore turistmagnet

Årelang strid om ein radar har øydelagt for utviklinga av attraksjonen på Stad. Det meiner drivaren av kafeen på platået.

Vegen ned frå Vestkapp (Kjerringa)
Foto: Frank Tangen/Floranett.no

Vestkapplatået ytst på Stad har lenge vore utpeika til å verte ein av dei store turistattraksjonane i Sogn og Fjordane.

Ein fem år lang strid om plasseringa av ein avansert radar på platået, har øydelagt for utviklinga. Besøket har vore så lågt at det har vore vanskeleg å få drifta av turistkafeen til å løne seg.

- Ein farse

Oddgeir Kvernevik er den femte eigaren av turistkafeen på få år. Han er frykteleg lei bråket rundt radaren, som er ein del eit av eit nytt landsdekkande vêrvarslingssystem langs kysten.

- Vi kjøpte eigedomen på Vestkapp i 2002. Sidan då har meste parten av tida og kreftene gått til å forsvare seg mot radaren. Saka har vorte ein farse, det har gått prestisje i heile opplegget, meiner han.

Spydspiss i Nordfjord

Vêrradar på Vestkapp

Verradaren på Vestkapp kan også bli minnesmerke

Foto: Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Kvernevik seier han har ynskt å bygge ut kafeen, syte for betre veg og fleire parkeringsplassar, men striden om radaren har gjort at lite har skjedd.

- Eg meinar Vestkapp er den spydspissen vi treng i ytre Nordfjord for å trekke større mengder turistar. Vi har laga teikningar og utgreiinga, men radaren har stoppa heile utviklinga, seier Kvernevik.

Set opp minnesmerke

No har endeleg formannskapet i Selje kommune vedteke at radaren skal plasserast eit godt stykke unna turistkafeen. Ordførar Gunn Helgesen, forklarar den lange saksgangen med at forsvaret eig store delar av platået.

Ho håpar vêrradaren kan bli ein attraksjon i seg sjølv. I tillegg er det planlagt å setje om eit minnesmerke på Vestkapplatået over dei omkomne på Stadhavet.

- Eg meinar det er ei god plassering av eit minnesmerke. Meteorologisk institutt er kontakta, og dei syntes dette høyrtes veldig interessant ut, seier Helgesen.