Hopp til innhold

- Vekk med ti direktørar

Sjukehusforkjemparar i Nordfjord vil slanke administrasjonen i Helse Førde og redusere investeringane. Leiar for sjukehusaksjonen, Knut Leirgulen, seier minst 10 av direktørane må vekk.

 

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

I dag har Helse Førde 21 årsverk i stab og toppleiing. 12 av dei er direktørar. Til samanlikning var det 30 årsverk i stab og toppleiing då fylkeskommunen var sjukehuseigar.  

- Dobbelt så mange som nødvendig

Men Knut Leirgulen meiner likevel dagens tal på direktørar og andre sjefar er for høgt.

- Det er alt for stor administrasjon til eit så lite fylke med 106.000 innbyggjarar. Det er antakeleg dobbelt så mange som nødvendig.

- Håplause vedtak

Leirgulen i Aksjonsomiteen for Nordfjord sjukehus meiner i tillegg at direktørane ikkje er flinke nok.

- Det virkar som dei har problem med å administrere seg sjølve, og vedtaka dei fattar er ganske håplause, det såg vi mellom anna då dei la ned urologen og tappa fleire millionar kroner på Nordfjord sjukehus berre på ei sak. Vedtaka blir ikkje vurdert skikkeleg og konsekvensutgreidde heller.

- Bør styrkje noverande tilbod

Helse Førde har behov for å investere rundt 866 million kroner. Dette er meldt inn til Helse Vest, men sjukehusforkjemparane i Nordfjord meiner det viktigaste er å styrkje det noverande tilbodet.

- No skriv dei sjølve at dei delvis har mist kontrollen over utgiftene, og det er alvorleg.

- Vi treng alle

Styreleiar i Helse Førde Clara Øberge er heilt usamd med sjukehusaksjonen i Nordfjord. Ho seier dei snur kvar krone før dei gjer nye investeringar. Når det gjeld administrasjonen, treng vi alle, seier Øberg.

- Eg har ikkje inntrykk at vi er overadministrerte, men det er ein del misforståingar fordi vi brukar tittelen direktør på fleire personar som før var sjefar og avdelingsleiarar og så vidare, men i dag brukar vi direktørtittelen på ein anna måte enn før.