Hopp til innhold

- Vatnet står to meter over normalen

FØRDE (NRK): Mykje nedbør siste dagane har ført til at Førde kommune har stengt av ei gangbru i Førde sentrum. Sjølv om nedbøren no har roa seg, følgjer dei nøye med på situasjonen.

Mykje vatn i Førde

HØG VASSTAND: Her er det ikkje mogleg å ferdast i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Her står vatnet to meter opp i høve normalen. Der har ført til at vi har måtte stenge gangbrua ved Sparebanken Sogn og Fjordane. Der er det ikkje framkomeleg, seier Bernhard Øberg som er leiar for teknisk etat i kommunen.

Bernhard Øberg

PÅ VAKT: I Førde kommune har nedbøren ikkje ført til skadar på hus og bygningar. Men, ei gangbru er avsperra, og Bernhard Øberg ber folk ta ansvar for bekkefar og slukar for å hindre skadar når ei ny nedbørsbølgje kjem om nokre dagar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Han står med vatn til godt opp på leggen like ved Utstillingsplassen i Føde. Også fleire andre stader i Førde sentrum og nærområdet har vatnet stige over sine breidder. På parkeringsplassen ved Hafstadparken har elva Jølstra fløymt opp. Også i Nynorskens skog ved Utstillingsplassen i Førde, og på Vie like ved sjukehuset, er det høg vasstand.

– Vi har vore heldige, og har ikkje fått melding om skade på veg eller bygningar til no. Det kan skuldast at vi før helga hadde folk ute for å sjekke alt av bekkeinntak, veggrøfter og slikt, seier Øberg.

Flaum i Førde
Foto: Borgar Sagbakken

Jølstravatnet har også stige mykje på grunn av nedbøren i helga. Det er venta at det blir noko kaldare dei komande dagane, som gjer at snøgrensa vil falle noko, men allereie kring juleaftan er det venta mykje regn.

– Hald deg unna høge elvar etter julebord

– Då må vi ut igjen og drive førebyggande arbeid. Vi oppmodar også alle innbyggjarane til å sjå til sluk og veggrøfter. Beredskapen er lit lågare enn normalen i julehøgtida, og då må vi ha hjelpt av innbyggarane. Alle må ta eit ansvar, understrekar Øberg.

Han er også klar og tydeleg på at folk ikkje må utfordre kreftene som er i sving.

– Viss du har vore på julebord, og vasstanden er høg i ei elv i nærleiken, så hald deg unna. Gå på trygg grunn, så slepp vi å hente nokon opp frå ei elv, seier Øberg.