Hopp til innhold

- Heilt utruleg! Eg vart heilt skjelven då eg forstod at kulturministeren las opp mitt namn

Sogningen Brynjulf Jung Tjønn vann Brageprisen i kategorien for barne- og ungdomsbøker med romanen "Så vakker du er". Han takka mamma og pappa i Feios, mellom anna for å ha kjøpt datamaskin til han då han byrja skrive i ung alder.

Brynjulf Jung Tjønn

VINNAR AV BRAGEPRISEN: Kulturministeren las berre tre linjer frå grunngjevinga for tildelinga før Tjønn forstod at han fekk prisen. – Eg vart heilt skjelven, seier prisvinnaren.

Foto: Hilde Bjørnskau/NRK

– Då kulturministeren las opp grunngjevinga for prisutdelinga forstod eg etter tredje setninga at prisen kom til å gå til meg, då vart eg berre heilt skjelven, seier ein superfornøgd nyslått prisvinnar.

"Ein bevegende og håpefull fortelling"

Brynjulf Jung Tjønn vann Brageprisen med romanen «Så vakker du er». Prisen vert delt ut av stiftinga Den norske Bokprisen. Vinnaren får 75 000 kroner og Bragestatuetten.

Juryen meiner Tjønn har skrive «ei bevegende og håpefull fortelling om en ung gutt som mobiliserer krefter til å håndtere livet.»

– Det er ein veldig rar følelse å vinne. Det har vore ein veldig lang prosess. Eg er veldig overraska og veldig glad!

Barne- og ungdomskategorien er ein brei kategori med alt frå illustrerte bildebøker, ungdomsromanar og faktabøker.

– Utruleg stort

– Det å bli plukka ut som den eine det er utruleg stort.

Til dei som ikkje har halde ein Bragestatuett kan han fortelje at den er ganske tung. Det var kulturminister Thorhild Widvey som delte ut statuetten.

– Eg heldt også ei takketale litt sånn på sparket. Eg hadde skrive opp dei namna eg ville takke, berre sånn i tilfelle ... Men eg hadde ikkje førebudd noko.

– Eg takka forlaget, og redaktørane der, kona mi. Men ikkje minst mamma og pappa i Feios som har støtta meg heile tida og lagt til rette for meg at eg kan skrive. Blant anna kjøpte dei datamaskin til meg då eg var veldig liten for at eg skulle få skrive.

Skal nyte kvelden

Han har fått tekstmelding frå foreldra.

(Saka held fram under biletet.)

Brynjulf Jung Tjønn

TAKKA MOR OG FAR: Foreldra i Feios har vore viktige for forfattaren som vann Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomsbøker.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

– Eg har fått nokre tekstmeldingar frå dei der dei er veldig glade, ler og humrar ein fornøgd sogning.

I kveld skal han berre nyte prisen med litt god mat og drikke. Men noko fest ut i små timar blir det ikkje for ein Bragepris-vinnar.

– Eg skal opp i morgon med små ungar, så det seier eg sjølv. Men eg skal nyte kvelden, det er jo kanskje sånt som berre skjer ein gong i livet. Kanskje får eg meir inspirasjon til å skrive vidare.