Hopp til innhold

Trygg Trafikk fryktar alvorlege ulukker i vår

Etter ei fartsfylt påske for mange sjåførar der 500 fekk bøter og 51 mista førarkortet, er Trygg Trafikk redd det kan skje alvorlege ulukker.

Audun Heggestad

FRYKTAR ULUKKER: Med

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Potensial for at det skal skje ulukker ligg der og det kan skje kva tid som helst. Påska kjem tidleg, og med våren så veit vi at farten aukar og dermed aukar også faren for ulukker. Så vi vil oppmode om at ein i tida framover køyrer forsiktig og ikkje lar farten ta over. Det seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Han er uroa etter at Utrykkingspolitiet i påska hadde kontrollar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, der resultatet var nedslåande:

  • 490 fartsoverskridingar, der 51 sjåførar mista førarkortet
  • Ti ruskøyrarar, og sju førarkortbeslag for promillekøyring
  • I tillegg kjem 40 andre brot som mobilbruk og beltebruk.

Alle som mista førarkortet var menn.

Nedslåande konstatering

– Eg vart veldig forskrekka og skuffa då eg høyrde tala som var avdekka, seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk. Eg er forundra fordi gjennomsnittsfarten i Norge går nedover. Folk blir flinkare til å halde fartsgrensene så at ein får slike tal er overraskande.

Heller ikkje Utrykkingspolitiet var fornøgde med resultata av kontrollane.

Terje Oksnes, UP

TRAVEL PÅSKE: Distriktsleiar i Utrykkingspolitiet Vest, Terje Oksnes.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Eg tykkjer det er ganske nedslåande å sjå at vi tar nesten 500 bilistar for fartsoverskridingar. Ti prosent av dei mistar førarretten for mange månadar framover, og det er snakk om høg fart, seier distriktsleiar Terje Oksnes i Utrykkingspolitiet på Vestlandet.

Varslar fleire kontrollar

Framleis er fokus for mange bilistar å komme fortast mogeleg fram som er fokus, trur Heggestad.

– Mange på ei transportetappe tenkjer at dei skal komme fort fram som mogeleg. Så kan det vere andre som er på forlystelsestur og køyrer veldig fort, seier Heggestad.

I Sogn og Fjordane er det bestemt at UP i Sogn skal styrkast og det vil i tillegg komme fleire politistillingar til Utrykkingspolitiet i fylket.

– Eg er heilt sikker på at det vil auke trafikktryggleiken. Alle kontrollar er førebyggande, og det er viktig med overvaking. Dette er eit ønskje som trafikktryggingsutvalet har hatt på dagsorden i fleire år, men som no endeleg vert oppfylt.