Hopp til innhold

- Var 20 meter unna bjørnen

Nordfjording var svært nær bamsefar.

Bjørn
Foto: Arne Nævra / Scanpix

Bjørnen strekte seg på bakbeina 20 meter frå Joar Madsen. Det uventa møtet fann stad på Solheim i Hyen i fjor vår, skriv Firda.

Les også: Bjørnespor i Sunnfjord

Les også: Får ikkje felle bjørnen

Hunden vart heilt vill

- Eg har ikkje gått ut med historia mi før no, det er vanskeleg å bli trudd, seier Madsen.

58-åringen var på tur oppover skogterrenget i Dalen då han merka at den grå elghunden hans Emil reagerte på noko.

- Hunden blei heilt vill og galen. Eg har aldri sett den oppføre seg slik før.

Like etter ser han det same som hunden reagerer på. I granfeltet ser han siluetten av noko som sekundar seinare viser seg å vere ein mørk bjørn ståande på to føter. Den stirrer tilbake på Madsen.

Rakk ikkje å tenkje

- Eg rakk knapt å tenkje. Det heile skjedde så fort. Emil var stille heile tida. Eg tør ikkje tenkje på kva som kunne skjedd dersom han hadde byrja å gøy. Like etter labba bjørnen av garde innover i granfeltet, seier Madsen som gjekk den andre vegen.

Også 1. juledag i fjor oppdaga han bjørnespor i Hyen. Dei spora tok han bilde av og får støtte frå skogbrukssjefen i Førde.

- Det er ikkje så mange andre dyr enn bjørn desse spora kan tyde på, seier Magnus Mo.