Hopp til innhold

- Vanvittig Vevring-avtale

Venstre-politikar Øystein Djupvik i Naustdal seier at dei 30 millionar kronene Nordic Mining har lova kommunane Naustdal og Askvoll slett ikkje er like mykje verd ved ein eventuell gruvestart om fem år.

Vevring

Vevring og Førdefjorden

Foto: Einar Eimhjellen

– Held innbyggjarane for narr

Han har rekna ut at den reelle verdien i dagens kroneverdi blir 18 millionar kroner med den pris- og lønsveksten som har vore dei siste åra.

– Eg meiner at denne avtalen er å halde innbyggjarane i Naustdal for narr.

– Smuldrar vekk

Engebø med utskipingskaia

Engebøfjellet der gruvedrifta er planlagd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eit bidrag på 30 millionar frå Nordic Mining er blitt godt motteke av formannskapet i Naustdal. Men store delar av millionane vil ha smuldra bort innan gruveselskapet eventuelt har starta opp om fem år, seier Djupvik.

Dagleg leier Ivar Fossum i Nordic Mining stadfestar at dei 30 millionane ikkje er indeksregulerte.

– Lovnaden om 30 millionar kroner står fast, seier han.

– Latterleg lite

Djupvik meiner Naustdal sel seg for småpengar:

– Vi må vere klare over at summen det er snakk om ikkje er indeksregulert, så her er det snakk om 30 millionar i framtidspengar. Nivået på dette beløpet er latterleg i høve til økonomien i prosjektet og i høve til kva Naustdal risikerer.

– God avtale

Håkon Myrvang

Ordførar Håkon Myrvang er nøgd.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Men ordførar Håkon Myrvang i Naustdal meiner avtalen med Nordic Mining er god, og han ser ikkje ulemper med avtalen .

Storstila utbygging

Nordic Mining har søkt om konsesjon på å vinne ut mineralet rutil frå gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring. Dette er det største gruveprosjektet i landet i moderne tid, og det er venta at det kan bli fleire hundre arbeidsplassar . Men gruvedrifta har ei bakside: Det er meininga å dumpe enorme mengder avfall i Førdefjorden, og mellom anna Havforskingsinstituttet har åtvara sterkt mot dette. Også lokalt i Vevring er det sterk motstand mot prosjektet.