Arkivfoto: Torje Bjellaas, NRK
Det var konklusjonen til rettsmedinsinar Inge Morild i Nordfjord tingrett måndag. Den 37 år gamle sambuaren har tilstått at han skamslo sambuaren sin, og tilkalla først hjelp fleire timar etterpå. Sjølv om slaga i seg sjølv var dødelege, kunne dei ved rask tilkalling av profesjonelle folk klart å redde livet hennes. Kvinna døydde på Haukeland sjukehus seinare på dagen.
Krangel
Tiltalte fortalde at det hadde oppstått ein krangel mellom han og sambuaren etter at dei hadde gått av bussen frå Nordfjordeid på Bryggja denne natta. Begge to var sterkt rusa. Han var redd folk skulle oppdage at han hadde slått henne, og drog ho difor vekk frå den trafikkerte vegen og inn i eit skogholdt, om lag 300 meter frå der han hadde slått ho medvitslaus. Der skal han ha sovna, og då han vakna att morgonen etter var det framleis ikkje liv i sambuaren. 37-åringen skal då ha gått heim for å hente vatn og varme klede. Då han kom tilbake om lag halv sju, oppdaga han at ikkje alt var som det skulle. Han ringde då mora som er sjukepleiar, og han fekk oppmodinga om å ringe etter ambulanse, noko han gjorde.
Sterkt nedkjølt
Kvinna vart straks send til Haukeland sjukehus. Kroppstemperaturen var 27,6 grader, og ho døydde kort tid etter. Isolert sett var både den sterke nedkjølinga og slaga ho fekk i hovudet dødelege, men konklusjonen til rettsmedisinaren som forklarte seg i retten, var altså at ho kunne ha overlevd om ho hadde fått hjelp med ein gong.
Strafferamme på åtte år
Mannen har heile tida nekta for å ha gjort noko kriminelt, men like før rettssaka endra han forklaringa si. Han er no tiltalt for lekamskrenking med døden til følgje. Dette har ei strafferamme på åtte år, og det er straffeutmålinga som vil bli det store temaet under rettssaka som går over to dagar. Det er truleg at påstanden vil bli på om lag tre år. Det vil også bli bede om oppreisning frå slektningane til kvinna.