I går kveld fekk dei pårørande beskjed frå helse- og sosialsjefen om at anken ikkje vart teken til følgje. Dei pårørande vil ikkje gje opp kampen, og har bestemt seg for å anke vedtaket til fylkeslegen.
Fortvilinga er stor etter at klagenemnda avviste anken på flyttinga av brukarane ved Lavik sjukeheim. Kommunen har vedteke at sjukeheimen i Lavik skal leggast ned og ynskte å flytte brukarane før klagefristen var ute, men det sette fylkeslegen ein stoppar for.