For å sleppe å vere på beitet døgnet rundt meiner Fossøy saueeigarane skal utstyre turgåaarar med jaktvåpen, og gje dei fullmakt til å ha tilsyn med dyra. Slik kan dei få skote jerv med naudvergeparagrafen i hand når jerven angrip, meiner pensjonist Oddvin Fossøy i Jostedalen.
Fossøy vil at turgåarane skal gå med rifle.
Ikkje ulovleg
Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier at dette ikkje er ulovleg, men peikar på at det er liten sjanse for å kome i ein situasjon der naudvergeparagrafen er gyldig.
Yndesdal seier elles at Statens naturoppsyn no skal gå inn direkte og forsøke å felle ein jerv i Lærdal.