Hopp til innhold

- Utruleg deilig å snu trenden

Kristoffer Iversen vart tunga på vektskåla då Høyang sikra seg sin første trepoengar borte mot Selje.

15-åringen varta opp med ein målgjevande til Robin Frichsen si 2-1-scoring. I tillegg stod han for den avgjerande scoringa til den avgjerande scoringa to minutt før slutt.

LES OGSÅ: Ville jubelscener i Selje

LES OGSÅ: Ny målrik runde i 3. divisjon

- Det var utruleg herlig å sjå ballen gå i nota. Det må vere noko av det herligaste eg har opplevd på fotballbana, seier han.

Var tungt

Det var ikkje utan grunn at stemninga var på topp etter sigeren. Iversen tråkla seg gjennom forsvaret og scora etter møljespel scoringa som kan løfte Høyang opp frå tabellbotn.

- Det er tungt når du slit i motbakke, men du verden så godt når sigeren kjem, seier trenar Terje Fjæren.

- Utruleg godt

- Det er klart at eg er veldig glad. Det smakte utruleg godt, seier Fjæren og meiner Høyang no kan sjå framover.

- Eg tykkjer at vi har heva oss frå første kamp der vi tapte heime mot Skavøypoll. Det var rett og slett elendig. Sist klarte vi 2-2 heime mot Florø og då fekk vi trua på at vi kan klare dette, held han fram.

Vendepunkt i Sogndal

- Vendepunktet var kampen borte mot Sogndal 2 der vi taper med eitt mål. Der viste vi at vi kan spele fotball og vi opplevde det som eit ran å tape der, seier Fjæren.

Oppgjeret mot Selje vart alt anna enn lett.

Jamt og tett

- Det var ein tett og jamn kamp, men vi hadde fleire sjansar enn dei i første omgang. Dei scora eit flott mål på frispark etter kvilen og trykte oss bakover. Så fekk vi gjort nokre justeringar og grep som gjorde at vi heva oss att. Men det må vere sagt at Selje også hadde sine sjansar, seier han.

På tampen hadde mellom anna brørne Endre og Andre Kupen kvar sine store sjansar til å utlikne.