Ho er ansvarleg for redningstenesta i justiskomiteen, og likar ikkje at krefter i Nord-Norge vil ha utsett basen i Florø.
Heggø synes det er utidig at ein setter stortingsvedtak opp mot kvarandre. - Vedtaka er klare. Vi skal ha ein base på Nordvestlandet i Florø, og det skal settast i gang arbeidet med døgnvakt. Begge delar ligg i same stortingsvedtak, og det er ikkje gjort nokon prioritering, seier ho.
Berre Sola har døgnvakt
I dag er det berre redningshelikoptera på Sola i Rogaland som har døgnberedskap, og for folk i Nord-Norge er det viktig å få det same i Bodø og på Banak. Men dei trur ikkje staten har råd til både døgnberedskap og ny base i Florø, og det er difor sterke krefter som vil ha utsett Florø-basen. Ingrid Heggø har som ansvarleg for redningstenesta i Justiskomiteen fått ei sentral rolle. Dersom staten ikkje har råd til både Florø og døgnberedskap, kan det bli ein dragkamp mellom henne og leiaren i justiskomiteen, Anne Marit Bjørnflaten frå Troms, som blir rekna som ei komande stjerne i Arbeidarpartiet. Men Heggø trur ikkje det blir nokon slik kamp. Ho skjønar godt at dei vil ha døgnvakt i nord, men Stortinget har sag ja takk til begge delar.
Skal velje helikopter i tide
Eitt av argumenta frå Nord-Norge for å vente med basen i Florø er at det tek så lang tid å velje ny helikoptertype, at dei må starte med gamal type helikopter, og at dette vil fordyre drifta vesentleg. Men så seint som i september stadfesta avdelingsdirektør Ole Hafnor i Justisdepartementet at den nye helikoptertypen skal vere klar sommaren 2007.