Hopp til innhold

– Utfordrande at Fylkesmannen ynskjer tvang

Selje-ordføraren ser ublidt på at Fylkesmannen går mot folkeviljen i kommunen. Han er usikker på korleis kommunen går vidare.

Stein Robert Osdal i naust

DÅRLEG: Selje-ordførar Stein Robert Osdal er lite nøgd med å bli slått saman med Vågsøy.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det var vel venta, men eg synest det er utfordrande at ho vil ha tvang for å slå saman to kommunar. Spesielt når ein kommune har sagt at dei ikkje ynskjer det, seier Stein Robert Osdal, ordførar i Selje.

I fylkesmann Anne Karin Hamre sitt framlegg torsdag, gjorde ho det klart at ho vil ha Vågsøy og Selje som ein kommune i framtida.

Meiner det blir for smått

I framlegginga peika Fylkesmannen mellom anna på at dei to kommunane har hatt dårleg folketalsutvikling, har mange eldre innbyggjarar, og at dette vil auke dei komande åra. Dei to kommunane har i sine utgreiingar også peika på at fagmiljøa er små og sårbare.

– Med ein ny og større kommune vil ein få breidde i fagmiljøa og lettare rekruttere dei folka ein treng for å gje gode tenester til innbyggjarane og få ein meir solid økonomi, sa Anne Karin Hamre under si framlegging.

Då det tidlegare var folkerøysting i dei to kystkommunane sa fleirtalet av dei som røysta i Vågsøy klart ja, medan folkeviljen i Selje var motsett. Kommunestyret i Selje har også peika på at skal dei gå saman med andre kommunar vil det ikkje vere nok med berre Vågsøy.

– Saman med berre Vågsøy vil vi ikkje klare å løyse utfordringane. Større einingar er nødvendige om vi skal klare det, seier Osdal.

Kan bli den fjerde største kommunen

For ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, er den tilrådde samanslåinga eit steg i riktig retning. Storkommunen kan bli den fjerde største i fylket med kring 8800 innbyggjarar.

– Frå å vere to relativt små kommunar, så blir vi den fjerde største kommunen i fylket, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

Kristin Maurstad

KAN BLI FJERDE STØRST: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad ser positivt på ei samanslåing mellom Vågsøy og Selje. Ved ei samanslåing vert det den fjerde største kommunen i fylket.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Maurstad ser store moglegheiter for samanslåinga, som er i tråd med Vågsøy kommune sitt vedtak.

– Vi blir sterkare i lag, og får ei kystkommune som kan snakke vår sak inn mot fylke og stat. Fagmiljøet vil komme styrka ut av dette.

Tek det vidare til drøfting

Stemninga i Selje kommune for ei samanslåing med Vågsøy har vore laber.

– Vi må ha med oss innbyggjarane. Det har vore liten vilje til å slå seg saman med Vågsøy, så dette vert utfordrande, seier Osdal.

Maurstad tek det heile med strak arm og inviterer til dialog.

– Utfordringa blir at Selje kommune ikkje er positive. Det skal vi respektere. Vi skal gå i tett dialog for å løyse dette på best mogleg måte, seier Maurstad.

Formannskapet og kommunestyret skal no drøfte saka vidare. Tilrådinga frå Fylkesmannen blir send til Kommunaldepartementet før Stortinget skal ta ei endeleg avgjerd i saka.