NRK Meny
Normal

- Utelukkar ikkje kreftfare

- Vi kan ikkje utelukke at folk i Sløvåg-området er utsette for auka kreftfare, sa professor Bente Moen på folkemøtet i Gulen onsdag kveld.

Folkemøtet i Gulen
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Professoren og arbeidsmedisinaren frå Universitetet i Bergen fortalde på møtet at det er på det reine at det var kreftframkallande stoff i lufta etter eksplosjonen 24. mai 2007.

Kreftfaren skal undersøkast

Men no skal det undersøkast om det verkeleg er auka kreftfare eller anna helsefare etter ulukka. Dei mellom 60 og 70 frammøtte på Dalsøyra vart orienterte om det som skal skje dei komande åra.

Kostar 22 millionar

Avdelingsdirektør Tor B. Aasen frå Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland fortalde om ei undersøking som skal gå over fem år og som kjem til å koste 22 millionar kroner.

Frå folkemøtet om Sløvåg-ulukka 22.10.08
Foto: Cosmin Cosma / NRK

400 blir kalla inn

400 personar som bur eller arbeider i Sløvåg og det næraste området rundt blir kalla inn. Dei som arbeidde eller arbeider i Sløvåg kjem først i køen.

Kontrollgruppe

For å ha noko å samanlikne med blir ei kontrollgruppe på 400 som bur i ytterkantane av eksplosjonsområdet kalla inn og granska. Dette blir folk både frå Gulen og Masfjorden.

- Endeleg tekne på alvor

Og det som kom fram vart teke godt imot av dei frammøtte på folkemøtet.

- No blir vi endeleg tekne på alvor, sa Gjermund Halsvik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.