Lensmann i Solund, Sveinung Kråkås, meiner turistane manglar den nødvendige kunnskapen. - Det er naturleg at folk som kjem frå asfalten i Berlin og skal opp hit å bruke båt for fyrste gong ikkje har den store kjennskapen til korleis ein oppfører seg i det våte element, seier han.
- Eit aukande problem
I går fekk seks tyske turistar motorstopp utanfor Solund. Og meldingane om redning av utanlandske turistar har vore mange den siste tida. På under ein månad har 20 utanlandske turistar vorte redda berre utanfor kysten av Sogn og Fjordane.
Lensmann Reinhardt Sørgård i Vågsøy seier dette er eit aukande problem. - Vi har i fleire år lagt merke til at turistar i leigde småbåtar kanskje legg ut i ver som ikkje er tilrådeleg. Det verkar som om dei ikkje har forståing for naturkreftene. Her på kontoret har vi diskutert kva vi skal gjere med det, og vurderer eit samarbeid med utleigarane om eit orienteringsopplegg, seier han.
- Fokus og informasjon
Redningsinspektør Stein Solberg på Hovudredningssentralen for Sør Norge seier dei må setje i gang mange redningar på grunn av manglande kunnskap. Han meiner det er viktig å ha fokus på problemet, og gi god informasjon til dei som leiger båtar.