Hopp til innhold

- Usikkert om det var bjørn

- Det er uråd å seie om sauekadaveret som vart funne i det populære turområdet Nuken i Sogndal er drepe av bjørn, seier oppsynsmann Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Det var måndag danske turistar på fjelltur ved området Nuken i Sogndal melde frå om at dei hadde sett bjørn i området.

Rein Arne Golf (arkivfoto)
Foto: NRK

Eit par dagar seinare vart det funne eit sauekadaver i same området, og i går ettermiddag var folk frå Statens Naturoppsyn oppe for å sjå på kadaveret. Rein Arne Golf seier dei ikkje kan avvise at bjørnen har vore på ferde.

Kadaveret som vart funne var 14 dagar gamalt og oppete av ulike åtseldyr. Det går ikkje an å finne ut korleis dyret er drepe.

Sjølv om det er uråd å slå fast om det er bjørn som har vore på ferde  denne gongen, er det viktig å melde frå om både observasjonar og kadaver i fjellet, seier Golf.