Hopp til innhold

- Urettferdig sukkeravgift

Tine slepp å betale avgift på sine produkt med sukker. Saftprodusenten Lerum i Sogndal må punge ut.

Jan Petter Vadheim
Foto: Arne Eithun / NRK

- Det er ikkje akseptabelt at vi må betale sukkeravgift, medan Tine slepp unna, seier administrerande visedirektør Jan Petter Vadheim i Lerum.

- Saft er også næringsrik

Tine slepp unna fordi meieriprodukta inneheld andre viktige næringsstoff.

- Men vi bruker næringsrike råvarer, og dermed burde også vi sloppe avgifta, meiner Vadheim.

- Men her er det tydeleg at mjølk og saft blir gjort skilnad på.

Kan gå utover lokale produsentar

Lerum nyttar råvarer frå lokale leverandørar. No er Vadheim usikker på kor lenge det løner seg.

- Dermed har dette også ei jordbrukspolitisk side. Når avgifta er lagt på må vi prøve å kutte kostnader andre stader. Vi må vurdere kor mykje vi kan betale for dei produkta vi får inn.

Trudde avgifta skulle bort

Etter fleire omgangar med politikarane håpte Vadheim i Sogndalsbedrifta at heile avgifta på saft ville bli fjerna gjennom revidert nasjonalbudsjett. Men samtalene med politikarane har ikkje ført fram.

- Men vi kjem ikkje til å gje opp kampen om å få sleppe avgifta. Det er stortingsval til hausten, og vi kjem til å presse på med uforminska styrke inn mot stortingspolitikarane.