Hopp til innhold

- Urett å file fingertuppane

Det var urett av Fkade Thaye frå Eritrea å file fingertuppane for å få den ni år gamle sonen til Norge og Florø, seier leiaren for solidaritets-aksjonen for Simon, Kåre Leif Hollevik.

Underskriftsaksjon for Simon
Foto: Simon Solheim/NRK

Hollevik tek avstand frå at Thaye filte fingertuppane for å skjule at han kom frå Italia.

– Urett handling

– Eg synest det er ei urett handling, eg meiner at alle som kjem til landet vårt for å søkje asyl skal behandlast etter asylinstituttets intensjonar. Dei skal gje rett informasjon.

Protestane mot at ni år gamle Simon og faren blei kasta ut av landet har vore sterke i Florø. Framleis kjempar støttegruppa for at dei to skal kome attende frå Italia, der dei no bur under open himmel i ein park blant alkoholikarar og prostituerte.

- Filte fingertuppane sine

Men saka har dei siste dagane teke ei ny vending. Måndag kom det fram at faren har prøvd å lure norske styresmakter. Informasjonssjef Bjørn Lyster i Utlendingsnemda seier at far til Simon har prøvd å skjule bevis for å få bli i Norge.

– Han hadde skadd fingertuppane sine og han opplyste ikkje om sitt tidlegare opphald i Italia. Først seinare når vi kunne ta finteravtrykk igjen fekk vi treff på at han hadde vore i Italia.

Hollevik feil referert i NRK

Tidlegare onsdag refererte NRK feilaktig at aksjonsleiar Kåre Leif Hollevik meinte det ikkje var uetisk av Thaye å file fingertuppane for å få sonen Simon til Norge. Hollevik meiner tvertimot at dette var urett av Thaye å gjere.

– Fokus på Simon

Hollevik er likevel ikkje redd for at dei nye opplysningane kjem til å øydeleggje for den sterke mobiliseringa kring Simon og faren i Florø.

– Dette her som no kjem fram er opplysingar som er knytta til vaksenverda. Vi har fokus på Simon, og det har folk i Florø og.