Ho seier Stortinget har eit uttalt mål om at kulturminne skal førast tilbake til opphavsstaden.
- Dette må vere eit ypparleg høve for å prøve ordninga med å låne ut kulturminne og plassere dei i sitt naturlege, opprinnelege miljø, seier Woldseth.
- Vis storsinn
Ho oppmodar Bergen Museum til å syne storsinn og sjå kva som er best for dette kulturminnet.
Kårstadsteinen er eit kulturminne fordi han er pryda med kring 2000 år gamle helleristningar, og såkalla lause kulturminne har sidan 1905 vore definert som staten sin eigedom. Difor vart steinen flytta frå Utvik - der han opphavleg sto - til Bergen Museum.
Kårstadsteinen - foto Bergen Museum
Der har han stått utandørs i ni år, men no ser ein verken steinen eller kunsten for berre spraymåling.
Sjå "Helleristningsstein vart tagga".
Nei frå museet
Professor i arkeologi ved Bergen Museum, Liv Helga Dommasnes, avviste i går problemstillinga om tilbakeføring av steinen.
- Vi jobbar med saka sjølv, seier Dommasnes.
- Men de har jobba med den i ni år!
- Vi har jobba i ni år, så da skulle vi vere godt i gang, svara professoren.
Appellerer til museet
Stortingspolitikaren er ikkje imponert over måten Bergen Museum nærmar seg denne saka.
- Eg forstår frustrasjonen i Nordfjord. Eit kulturminne - som også museet promoterer - burde få ei betre behandling enn det denne steinen ser ut til å ha fått, seier Woldseth.
- Kan de overstyre Bergen Museum i denne saka?
- Nei, det kan vi ikkje, og det vil vi heller ikkje. Men vi vil appellere til museet å bruke sunn fornuft, seier Woldseth.