Hopp til innhold

- Ulovlege innkjøp i Helse Førde

Lova om offentlege innkjøp og både dei etiske og interne retningslinjene vart brotne ved innkjøp av utstyr til ortopediklinikken ved Lærdal sjukehus.

Lærdal Sjukehus
Foto: NRK

Dette er konklusjonen til reviorfirmaet som har granska dei omstridde innkjøpa ved ortopediklinikken i Lærdal.

- Må gå gjennom rutinane

I september vart det kjent at Helse Vest hadde bestemt seg for å granske påstandane om at innkjøp for mellom 10 og 20 millionar kunne vere ulovlege. 

Herlof Nilssen

- Vi har vidaresendt revisjonsrapporten til Helse Førde, saman med eit brev der vi ber føretaket om å gå gjennom og sikre rutinar og system for handtering av innkjøp, slik at dette skjer i tråd med lov og regelverk i framtida, seier administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest i ei pressemelding.

Ventar på helsetilsynet

Revisor har vurdert om innkjøp og bruk av utstyr er i tråd med lover og regelverk. Oppdraget har ikkje omfatta vurderinga av medisinsk-faglege problemstillingar, og om reglar for forskings- og utviklingsverksemd er etterlevd. Det skal Helsetilsynet i Sogn og Fjordane granske.

Herlof Nilssen understrekar at ein difor ikkje vil ha eit heilskapleg bilete av alle sider av saka før rapporten frå Helsetilsynet kjem. Det skjer truleg om eit par veker.

Fekk utstyr gratis 

I revisjonsrapporten blir det konstatert at det var brot på lov og forskrift om offentlege innkjøp å ta imot det computerbaserte navigasjonsutstyret vederlagsfritt frå leverandøren.

Likeeins er det brot på lov og forskrift om offentlege innkjøp, etiske retningslinjer og god forretningskikk når det gjeld leveranse av protesar, implantat og anna forbruksmateriell.

- Ortopediklinikken i Lærdal har unntak frå produktgruppe 5 Kneprotesar i den regionale rammeavtala innan ortopedi. Innkjøp av kneprotesar som ortopediklinikken har gjort frå andre leverandørar enn dei som er omfatta av rammeavtalen med Helse Vest, representerer såleis ikkje eit brot på rammeavtalen, men er eit brot på lov og forskrift om offentlege innkjøp, forklarar Nilssen. 

Rapporten er sendt Brustad

Revisor er også kritisk til at Helse Førde ikkje har klart å utnytte informasjon frå leverandørar med rammeavtale med Helse Vest, til å fange opp avvik frå avtalane og brot på lov og forskrift om offentlege innkjøp.

Revisor stiller i tillegg spørsmål ved om praktiseringa av fullmakter i Helse Førde har fungert som dei skulle.

Revisjonsrapporten er oversendt Helse- og omsorgsdepartementet.

- Nye rutinar på plass i haust

Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde, seier at dei alt i løpet av hausten får på plass eit system som skal avdekke kjøp som er gjort utanom avtaleverket. 

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Rapporten viser at det var nødvendig med ein slik gjennomgang. Den viser også at Helse Førde har etablert og kommunisert eit gjennomgripande fullmaktsreglement, og at det er gjeve opplæring både om innkjøpsregelverket, innkjøpsprosessar og praktisering av fullmakter.

- Diverre har Helse Førde ikkje hatt eit system som automatisk kan avdekke og rapportere kjøp som er gjort utanom avtaler. Helse Førde vil no syte for at alle innkjøp i føretaket vert gjort i tråd med rammeavtalar og lov og regelverk om offentlege innkjøp. Saka understrekar kor viktig det er at vi har brukt siste halvåret på å etablere eit nytt innkjøpssystem, som skal være på plass i løpet av denne hausten, seier Bolstad.

Påstandar om "drittpakke"

Meldinga om at ortopediklinikken og overlege Truls Jellestad vart granska har vekt stor merksemd og debatt. Nyhendet kom dagen før eit føretaksmøte, der folk i indre Sogn hadde venta at helseministeren ville ha freda ortopediklinikken. Dette møtet vart utsett til granskarane hadde gjort jobben sin.

Helse Førde som har vedteke å kutte i drifta ved klinikken vart mellom anna skulda for å ha plassert ein såkalla "drittpakke" for å stikke kjeppar i hjula for klinikken.