Foreldrekontakt Karina Holstad Myre er letta. Ho håpar at dette gjer i at foreldra på Raudeberg kan slå i bordet med same resultatet overfor Vågsøy kommune.
Frustrerte foreldre
Ei bokmålsgruppe på 13 og ei nynorskgruppe på 10 elevar vart slått saman til ei stor gruppe på Raudeberg skule etter nyttår. No har elevane med ulike målformer undervisning i lag i dei fleste fag, for at Vågsøy kommune skal kunne spare pengar. Dette er foreldra svært frustrerte over.
- Det er ulovleg!
Men no kan foreldra til tredjeklassetrinnet ha fått hjelp frå uventa hald. For ved fleire skular i Sandnes har bokmåls- og nynorskelevar måtte gå i same klasse for å spare pengar. No har Fylkesmannen i Rogaland kome med klar beskjed: Det er ulovleg å blande nynorsk- og bokmålselevar ut frå økonomiske omsyn.
Håpar på same svaret
Klagen frå foreldra på Raudeberg ligg no inne til behandling hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Og Myre håpar på same svaret som Fylkesmannen i Rogaland kom med.