Hopp til innhold

- Uklokt møbelkjøp

– Det var vel kanskje ikkje den klokaste avgjerda han har tatt, seier administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, om møbelkjøpet.

Til Bergens Tidende seier Herlof Nilssen at Helse Førde kunne klart seg med billegversjonen av designmøblane som no prydar kontorfløyen til administrasjonen.

Han er ikkje i tvil om at Jon Bolstad kunne funne like tenlege møblar til ein billegare penge. Nilssen vedgår at designmøblar kan gje feil signal.

– Slik det no blir framstilt er ikkje dette noko god sak for oss, seier Nilssen til BT.

Ok for styreleiaren

Sjølv om Helse Førde er eigd av Helse Vest vil ikkje Nilssen blande seg bort i møbelhandalen, då dette ifølgje han er ei sak for det lokale helseføretaket.

Clara Øberg, styreleiar i Helse Førde, meiner det er heilt greit at eit helseføretak som slit med store underskot kjøper designmøblar.

– Møblane er ein del av ei fornying. Administrasjonen har ikkje gått ut over sine fullmakter eller budsjett, seier Øberg.