Frå stovevindauget ser ho rett ned på staden som politiet har sperra av, berre nokre ti-tals meter unna. Magny Stoianov er rysta over det som har skjedd tett ved.
Sjølv stod ho opp klokka kvart på åtte søndag morgon. Viss den avdøde, Anne Slåtten, var på veg til jobb, så gjekk ho truleg forbi huset berre 20-25 minutt før. Stoianov har fleire gonger reagert på råkøyring forbi huset. Søndag morgon høyrde ho verken det eller skrik som andre naboar skal ha høyrt.
No håpar ho at saka vert oppklara snarast mogeleg.
Sjølv føler ho seg ikkje utrygg etter det som skjedde, men ikkje minst på grunn av borna tykte ho dette var ei uhyggeleg oppleving.