I går vedtok høgskulestyret at avdelinga er den fyrste som blir ofra dersom forslaget til statsbudsjett blir ein realitet. - Eg tolkar det slik at høgskulestyret grip til det same verkemiddelet som dei gjer på statelg hald når dei må spare pengar, dei sentraliserer. No har Fosshaugane Campus høgast prioritet hjå Høgskulen, og dermed ryk tilbodet på Sandane.
235 studieplassar kan forsvinne
I framlegget til statsbudsjett blir løyvingane til Høgskulen i Sogn og Fjordane kraftig kutta. Dersom den nye regjeringa ikkje endrar dette, forsvinn 235 studieplassar dei neste tre åra.
Høgskulestyret prioriterer Sogndal
Høgskulestyret gjorde i går ei prioritering over kva studietilbod som skal ofrast dersom dette budsjettforslaget blir vedteke. Og tilbodet på Sandane blir ofra fyrst, så ingeniørutdanninga i Førde og så barnevernpedagogutdanninga i Sogndal.
- Studiet er unikt
På Sandane har dei blant anna mastergrad i spesialpedagogikk. Dette studiet har ein særeigen profil. - Organiseringa som deltidsstudium med vekessamlingar gjer at studentane hjå oss stort sett er kvinner som arbeider i distrikts-Noreg, og dei hadde aldri reist til Oslo for å studere, seier Astrid askildt. Studiet er knytta opp til Universitet i Oslo. Professor i pedagogikk, Edvard Befring, som var med å starte opp studiet seier det er unikt, og at omdømet til studiet er svært godt. - Det var ei kolossal oversøking til masterstudiet i spesialpedagogikk, og det at det søker folk få heile Sør-Noreg til studiet på Sandane er bevis for det, seier Befring.
Johs Thaule. Arkivfoto NRK
- Økonomiske omsyn
Rektor ved Høgskulen, Johs Thaule, seier det er økonomiske omsyn som gjer at dei vel å fyrst ofre Sandane.