Hopp til innhold

- Ufarleggjer kritikken

Anne Rysjedal er rysta over å bli avfeia og mistrudd av Jon Bolstad og Harry Mowatt.

Administrerande direktør, Jon Bolstad, i Helse Førde.

- Han har ikkje svart direkte på kritikken i det heile på at det er noko gale der. Han har svart at det der gamle saker og at han ikkje kjenner meg, seier tidlegare forskingsleiar i Helse Førde, Anne Rysjedal, om kritikken mot Jon Bolstad (biletet).

Foto: Oddleif Løset / NRK

Rysjedal er mellom ei rekkje mellom tidlegare og noverande tilsette som har fortalt om sjikane og trakassering i Helse Førde. Ho er rysta over å ikkje bli trudd.

- Bolstad svarer ikkje på kritikken, men prøver å ufarleggjere oss, seier ho.

Valde å slutte

Rysjedal arbeidde som leiar for forsking og utdanning i Helse Førde fram til 2006. Dei to siste åra under administrerande direktør for Jon Bolstad. Ho valde å slutte då ho såg ein ukultur der tilsette vart sjikanerte utan at det vart gripe tak i.

– No er det nokre år sidan du arbeidde der. Kan det tenkast at forholda har endra sidan du var der sist?

- Det er ikkje det eg høyrer frå dei som eg kjenner som framleis jobbar der, seier ho.

Har ikkje møtt Rysjedal

Bolstad sa i ettermiddagssendinga måndag at han meinte å aldri ha møtt henne. Under debatten onsdag mellom avisredaktør Erling Wåge og tidlegare styremedlem Harry Mowatt, gjekk Mowatt ut med forsvar av Bolstad. Han trur ikkje på dei kritiske røystene og skildrar kritikken som ein kampanje mot sjukehusdirektøren.

- Ei rekkje av dei personane som har stått fram og sjikanert han den siste tida, til dømes Henrik Berg, har Bolstad knappt nok møtt. Han har nikka til han. Det gjeld og den forskingsleiaren som gjekk ut og skulda Bolstad for å nærast drive folk til sjølvmord. Så vidt han veit, har han ikkje møtt henne, sa Mowatt.

- I næraste stab

Rysjedal er rysta over påstanden frå Bolstad om at han aldri har møtt henne.

- Frå 2004 til 2006 var eg i direktøren sin næraste stab. Eg hadde fagdirektøren over meg, og over der att var administrerande direktør. Eg har møtt Bolstad fleire gonger, han har også personleg bede meg representere Helse Førde på eit møte i Helse Bergen, seier ho.