Både torsdag og fredag brukte ein ladningar på opp mot 25 kilo dynamitt for å få bort dei enorme steinblokkane som sperra vegen mellom Luster og Marifjøra. Då salvene gjekk av trekte ryddemannskapa frå Mesta seg eit stykke unna. Men dei var likevel så nære at steinar på storleik med knyttnevar hagla kring føtene deira.
Oddvar Mikalsen i Arbeidstilsynet seier han ser alvorleg på saka, og han vil be om ei forklaring på det som skjedde. Mesta seier dei er overraska, og at dei ikkje registrerte nokon farleg situasjon under arbeidet.
Foto: Arne Eithun