NRK Meny
Normal

- Uansvarleg av Høgre

- Det er uansvarleg av Høgre å ikkje bry seg om landbruket på Vestlandet, meiner fylkesleiar Knut M. Olsen i Senterpartiet.

Knut M. Olsen

I sitt alternativ til statsbudsjett for 2009 vil Høgre hjelpe privatpersonar og næringsliv gjennom finanskrisa ved å gi dei skattelette. Samstundes vil dei kutte nær to milliardar til bøndene.

Olsen trur det vil føre til færre arbeidsplassar i landbruket.

- Eg hadde faktisk venta at Høgre var meir ansvarleg i ei tid då det er så viktig å stimulere arbeidslivet og tryggje arbeidsplassar.

I det alternative statsbudsjettet til Høgre vil partiet kutte 1,78 milliardar kroner til landbruket. Pengane skal brukast til skattelette for privatpersonar og bedrifter. Det informerte partiets finanspolitiske talsmann Jan Tore Sanner om då Høgre presenterte alternativet sitt 10. november:

- Vi doblar skattelettene i forhold til det vi har gjort framlegg om tidlegare i år. Om lag seks milliardar i lågare skatt blir det med vårt framlegg for 2009.

Men forslaget frå Høgre vil øydeleggje for bønder på Vestlandet, meiner Olsen.

- Spesielt i Sogn og fjordane

- Nedskjering i ei tid då kostnadene aukar for landbruket, og det er vanskeleg for landbruket generelt, betyr ein reduksjon i tal arbeidsplassar, og kanskje spesielt den type landbruk vi har i Sogn og Fjordane, med vanskelege driftstilhøve.

- Mindre byråkratisk

Høgreleiar Erna Solberg forsvarar kuttet med at Høgre vil gjere landbruket mindre byråkratisk, slik at bøndene får meir fridom til å satse. Mellom anna vil partiet oppheve buplikta, priskontrollen på landbrukseigedomar og delingsforbodet i jordlova.

- Vondt verre

Men dette vil berre gjere vondt verre, seier Olsen.

- For det første er det viktig at landbruket er veldig godt regulert, for det handlar om at det skal vere mogeleg å produsere mat på små flekkar her i Sogn og Fjordane og ha ein annan type produksjon t.d. på Jæren og det sentrale Austlandet. Det er berre mogeleg med eit nokså finmaska system.