Hopp til innhold

- Uaktuelt at styret trekkjer seg

Styremedlem Harry Mowatt seier det er uaktuelt for Helse Førde-styret å trekkje seg.

Harry Mowatt

- At styret trekk seg er ingen løysing, meiner Harry Mowatt.

Foto: NRK

Tysdag gav stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet uttrykk for at han meinte styret burde gå av .

- Vise handlingskraft

Starheim var klar på at dersom styremedlemmene i Helse Førde meiner dei får for lite pengar å rutte med, må dei vise handlingskraft og ta sin hatt og gå.

Bakgrunnen er at Helse Førde fredag kutta om lag 30 millionar kroner i budsjettet. Kutta fører ifølgje Starheim til at helsetilbodet i fylket vert rasert.

Stortingsrepresentanten frå FrP meiner difor at heile styret burde trekkje seg for gje klar beskjed til regjeringa om at meir pengar må til.

- Enkle løysingar

Men for Mowatt er ikkje det noko løysing.

- Eg kan ikkje sjå at helsetenesta i Sogn og Fjordane er tent med at styret går og at vi får ein nytt styre som må jobbe ut i frå dei same føresetnadane, seier Mowatt.

Han viser til at styret har peikt på nokon løysingar som er mogleg å gjere, og at det er andre politiske bindingar dei bør sjå på.

Mowatt meiner Åge Starheim er kjend for å kome med enkle løysingar.

- Dette er enkle løysingar som folk i frå Framstegspartiet alltid peikar på. Dei ynskjer enkle løysingar med eit snev av dramatikk for å vise handlingskraft, forklarar Mowatt.

Og ifølgje Mowatt har slike handlingar aldri løyst eit einaste problem.