Hopp til innhold

Uaktuelt for MC-klubb i Sogndal å bli støttemedlem for Hells Angels

MC Riverside i Sogndal avviser på det sterkaste at det er aktuelt for dei å bli offisiell støtteklubb til Hells Angels.

Interne Hells Angels dokumenter

INTERNE DOKUMENT: Hemmelege dokument viser at Hells Angels jobbar med å skaffe seg søtteklubbar over heile landet. Blant dei er Riverside MC i Sogndal.

Foto: Brennpunkt

Hells Angels har oppnemd offisielle støtteklubbar for å vinne kampen mot dei andre kriminelt belasta MC-klubbane.

Interne møtereferat avslører at Hells Angels lokkar til seg støtteklubbar med løfte om beskyttelse mot blant anna Bandidos.

Presisering: 7. februar publiserte NRK Sogn og Fjordane ein artikkel som kunne gi inntrykk av at MC Riverside i Sogndal er ein potensiell støtteklubb for Hells Angels. Det er ikkje korrekt:

MC Riverside står på ei liste, laga av Hells Angels, som ein klubb Hells Angels kan komme til å lokke til seg som støtteklubb på lang sikt. Men dette er uaktuelt for medlemmane i MC Riverside, og det kom også tydeleg fram av artikkelen. Men tittel og ingress kunne skape eit feilaktig inntrykk av MC Riverside sitt syn på denne saka. Derfor er denne artikkelen no endra.

Fått tilgang til interne dokument

Hells Angels-jakkemerke

81-MERKET: Dette merket kan kun bærast av medlemmer i Hells Angels sine offisielle støtteklubbar i Norge.

Foto: privat

Førre veke kunne NRK avsløre at 27 motorsykkelklubbar i landet nyleg har blitt søtteklubb for Hells Angels. Blant dei er Hammer MC i Florø.

NRK har gjennom kjelder i miljøet fått tilgang til interne dokumenter frå møter i Hells Angels.

Vi har også fått tilgang til dokumenter frå møter i den Hells Angels-dominerte samanslutninga av såkalla 1-prosentklubbar, som også går under namnet «Norgesmodellen».

Riverside MC i Sogndal har delteke i Hells Angels sin «Norgesmodell», og er dermed potensiell kandidat til å bli offisiell støtteklubb til Hells Angels.

Avviser påstandane

Måndag kveld var NRK i kontakt med i Riverside MC i Sogndal. Dei avviser påstandane, og forstår ikkje kvifor dei er nemnd i dei interne dokumenta.

– Dersom det er hemmelege dokument, så må det vere veldig hemmeleg, for vi kjenner ikkje til det, seier Bjørn Berdal som uttalar seg på klubben sine vegner.

Han seier dei er ein sosial gjeng som driv med motorsykkel, men ikkje noko meir. På spørsmål om klubben har kontakt med Hells Angels, svarar Berdal slik:

– Vi reiser rundt på turar og pratar med folk. Dersom vi møter på Hells Angels-medlemmer snakkar vi med dei akkurat som vi ville gjort med andre folk, seier han.

– Vi har ikkje behov for beskyttelse

Dei interne møtereferata avslører at støtteklubbane skal få beskyttelse mot Bandidos, men Berdal seier dei ikkje har behov for det:

– Nei, kvifor skulle vi ha behov for beskyttelse mot dei?

Dei interne dokumenta frå Hells Angels avslører at målet med dei nye offisielle støtteklubbane er å sikre seg maktposisjon mot andre kriminelt belasta klubbar som Outlaws, Bandidos og Coffin Cheaters.

Hells Angels er i ferd med å overtale alle sine norske støtteklubbar til å ta imot status som offisielle supportklubbar av Hells Angels.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hammer MC-medlem med Hells Angels-symbol

BEVIS: Dette biletet viser eit Hammer MC-medlem som har 81-merket som knyttar han til den kriminelt belasta motorsykkelsklubben Hells Angels.

Hammer MC har takka ja

Ifølgje interne dokument som NRK Brennpunkt har fått tilgang til, viser at Hammer MC i Florø har sagt ja til å bli offisiell støtteklubb. Bilete som NRK har fått tak i, underbyggjer påstandane.

Dei viser eit Hammer MC-medlem som har «Support Club 81»-merket på skinnvesten sin. Det er berre medlemmer i offisielle støtteklubbar til Hells Angels som får gå med desse merkene.

NRK har gjentekne gonger forsøkt å komme i kontakt med medlemmer i Hammer MC i Florø, men ingen vil la seg intervjue. Dei nektar for at dei er sympatisørar med den kriminelt belasta MC-klubben.