Frå hausten av har Hydro vedteke å kutte ut støypinga av kaldmetall, noko som fjernar ytterlegare 53 arbeidsplassar frå Årdal.
- LES OGSÅ:
Vedtaket er berre ei av fleire negative hendingar for Arbeidarparti-bastionen dei siste åra. Høl vedgår at gårsdagens melding var tung å svelgje.
– Det som skjedde i går var ikkje bra for Årdal. Det er 53 arbeidsplassar som blir lagde ned, og det kjem vi til å merke.
400 arbeidsplassar er borte på få år
Kaldmetallet Hydro produserer i Årdal vert ikkje lenger rekna som lønsamt. Ved å leggje ned støyperiet reknar aluminiumsgiganten å betre driftsresultatet med 30 millionar kroner årleg.
Men nedlegginga er ikkje den første for Hydro. Rådmann Ingvar Laberg sa i går at kring 400 hydroarbeidsplassar dei siste åra har forsvunne meir eller mindre i det stille.
– Talet har blitt så stort, det snik seg innpå oss utan at vi kan isolere nedbemanninga til ein aksjon som samfunnet kan stå i.
LES OGSÅ:
Når dei 53 arbeidsplassane på PFA-støyperiet er borte er det att 493 arbedsplassar på Årdal Metallverk. Rundt 1970 var det over 2000 tilsette på dåfverande ÅSV. I tillegg forsvann 32 arbeidsplassar då Dooria stengde dørene i fjor sommar. Solcelleenergiselskapet Norsun slit også tungt.
Trur det vil snu
Ap-leiar Hilmar Høl vel likevel å tru at ting vil snu for industrisamfunnet inst i Sognefjorden.
– Før eller seinare vil det roe seg ned, og Årdal har framleis ei framtid med den industrien og dei rammevilkåra vi har. Vi jobbar vidare med dei sakene vi har, og så må vi få oppatt gløden og optimismen, men akkurat no er det tungt i Årdal.