Hopp til innhold

- Turlaga bør kjøpe Finnabotn

Turlaga og Naturvernforbundet bør gå saman og kjøpe eigedomane i Finnabotn som no er lagde ut for sal med ein prislapp på 10,6 millionar, meiner tidlegare lokalpolitikar i Lindås, Anna Valle.

Finnabotn

FJORDPERLE TIL SALS: Finnabotn.

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

Ho meiner at Finnabotn kan bli eit utstillingsvindauge for allemannsretten og forvaltning av gamalt kulturlandskap.

– Det må vere heilt i tråd med deira ideologi å prøve å drive dette på ein slik måte som dei meiner er berekraftig.

Som teke ut av ein turistbrosjyre

Det handlar om tre eigedomar inst i Finnafjorden i Vik kommune, det er veglaust og utan mobildekning, men til gjengjeld er det som teke ut av ein turistbrosjyre, og hit er det gjerne at sognebedrifter tek med seg sine mest celebre gjester.

Komande laurdag skal det vere visning for dei som måtte vere interesserte i å kjøpe eigedomane som til saman er prisa til 10,6 millionar kroner.

– Mykje pengar, men...

(Artikkelen held fram under biletet).

Helene Ødven og Christina Eriksen i Bergen Turlag

- VAKKER PLASS: Helene Ødven, her t.v. saman med Christina Eriksen, begge i Bergen Turlag.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Det er ei rådyr naturperle som no er lagt ut for sal. Eigedomane inst i den vakre og veglause fjordarmen i Vik kommune er taksert til over 10 millionar kroner. Dagleg leiar i Bergen Turlag, Helene Ødven, er ikkje avvisande til ideen om at Finnabotn bør overtakast av turlaga, sjølv om prisen er høg.

– Det er mykje pengar, men det er ein vakker plass, og vi vurderer alltid når det byr seg høve til å byggje ut vårt tilbod i fjellet og langs fjorden.

Dei siste åra har det vore turistdrift i Finnabotn, men det vart for tungvint for eigarane etter kvart. Det siste året var det hotellkjeda Mountain Fjord som skulle få økonomi i drifta, utan å lukkast.

(Artikkelen held fram under biletet).

Marino Ask

- INNGANGSPORT TIL STØLSHEIMEN: Turlagsleiar Marino Ask.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Hytte inst i botnen

Leiar i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask, meiner det er langt meir realistisk å nytte området som ein inngangsport til landskapsvernområda i Stølsheimen.

– Det å tenkje seg å ha ei hytte inst i botnen kan det vere realisme i.

– Det er urealistisk for Naturvernforbundet å vere med på eit slikt kjøp av økonomiske årsaker, seier tidlegare leiar i forbundet, Erik Solheim.

Men for den tidlegare lokalpolitikaren i Lindås, Anna Valle, handlar det om at ho meiner at turlaga og naturvernlaga gjennom Finnabotn kan leve ut si eiga lære om berekraftig naturbruk.

– Dersom dei no får hand om dette så har dei eit godt høve til å vise i praksis korleis dette skal gjerast.