Hopp til innhold

- Tunnelar er brannfeller

Transportbedriftenes landsforening reagerer på at det vert satsa på Dalsfjordbru og andre store nybygg, når tunnelane er farlege brannfeller.

Tunnel på Strynefjellet

Tunnelar kan bli brannfeller, meiner Transportbedriftenes Landsforening

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tunnelane i fylket er ikkje berre for låge , dei er også brannfarlege, meiner Transportbedriftenes Landsforening i fylket.

- Tunnelar er eit undervurdert tema som politikarane snarast må setje fokus på. Utan moglegheit for å kunne snu ventilasjonen i tunnelane, kan dei fort bli brannfeller, seier dagleg leiar Knut Mostad.

Krev handling

Mostad seier dei har kjempa for betring av tunnelane lenge, men at ingenting skjer.

- Strynefjellstunnelane er dei verste. Vi vil ha betre lys, vedlikehald, og moglegheit for å snu ventilasjonssystemet, seier han .

Mostad meiner det kan føre til store ulukker om det skulle byrje å brenne i ein tunnel der ein ikkje kan snu ventilasjonen.

- I verst tenkelege tilfelle der til dømes ein buss brenn inne i ein tunnel, og den er innretta slik at brannvesenet ikkje kan kome inn, må dei la alt brenne ned før dei tek seg inn. Det er for farleg å gå inn om vindretninga inne i tunnelen ikkje kan bli snudd, forklarar Mostad.

Samd med lastebileigarane

Halvparten av tunnelane i fylket har forbod mot køyrety over fire meter. Dei fleste vogntog er som regel høgare enn dette.

Mostad meiner dette er endå eit problem som vert oversett.

Lastebileigarane vil bryte forbodet mot å køyre gjennom låge tunnelar, sjølv om politiet varslar kontrollar.

- Vi må køyre gjennom tunnelane, og har ikkje noko val. Så politiet må berre skrive bøter, seier leiar i Sogn og Fjordane lastebileigarforbund, Per A. Øren.

Til dømes på Strynefjellet er det lovbrot kvar einaste dag . Brannsjefen i Stryn fryktar alvorlege ulukker, og meiner tunnelane over Strynefjellet må utvidast .

Ingen har ansvaret

Mostad er også kritisk til at det ikkje er nokon som har ansvaret for heilheita i vegnettet.

- Ansvaret for stamvegane og riksvegane er det staten som har, medan fylkeskommunen tek seg av andre vegar. Men ingen har eit overordna ansvar, seier han.

Øver på ulukker

Han fortel at Transportbedriftenes landsforening arrangerer øvingar for kva som skjer om det skulle byrje å brenne i ein tunnel.

- Vi har gjort undersøkingar, og har god oversikt over kva som må gjerast. Men ingenting vert gjort, seier han.