Det var til NRK Finnmark at stortingrepresentant Karl Erik Schjøtt Pedersen (Ap) sa at fartøy som frys fisken ombord burde få redusert kvotane sine. Årsaka til forslaget er at ein vil hindre at frosen fisk blir eksportert til utlandet for foredling. I dag frys trålarflåten over halvparten av fisken ombord.
- Nedfrysing trugsmål
Ifølgje Schjøtt Pedersen tek ein då vekk det spesielle fortrinnet vi har med den unike ferske fisken. - Frysing av fisken eit trugsmål mot særleg fiskeindustrien nordpå, som vil ha fersk fisk, seier han.
Nils Myklebust Arkivfoto NRK
- Råkar vestlandsfiskarar
Leiar Nils Myklebust i Sogn og Fjordane Fiskarlag meiner på si side at forslaget til Schjøtt Pedersen vil råke fiskeflåten på Vestlandet, og at fiskeindustrien i Finnmark vil ha frosen fisk sidan den kan lagrast, noko som gjer det lettare å planlegge produksjonen også utanfor sesongen.