Hamnedirektør for Nordfjord, Kristoffer Stokke, er ein av mange som ristar på hovudet og meiner at gjerda er unødvendige.
Kristoffer Stokke
Ikkje reell frykt
- Det blir uvant for folk at dei møter eit gjerde og ikkje får gå inn på kaien. På den eine piren har folk ofte stått og fiska, og det blir dei avskorne frå når gjerdet er på plass, seier Stokke, som ikkje trur at terrorfrykta er reell i Måløy. Men dette er noko som må til for at Måløy framleis skal få eksportere varer.
Trasig
PVed Fiskerikaia i Måløy låg tysdag båtar klare til å gå ut etter påskeferien. Som vanleg blir fiskarane køyrde heilt ned til kaikanten før dei går om bord. I ein av bilane denne ruskete dagen finn vi mor til ein fiskar, Haldis Humborstad. Til liks med hamnedirektøren meiner ho det blir veldig uvant å ikkje kunne ferdast langs kaiane når to meter høge gjerde kjem opp første juli.
- Det blir veldig trasig, vi er vande med å gå her og sjå på livet på kaien. Dette høyrest ikkje kjekt ut, seier Humborstad.
Låst og stengd
To meter høge gjerde med låste portar kjem til å møte dei som vil ned på Fiskerikaia i Måløy. Gjerdet og overvakingskamera skal hindre terroristar med skumle planar. Kapring av eit skip, smugling av masseøydeleggingsvåpen eller sabotasje. Kystdirektoratet har fått internasjonale instruksjonar. Fjorten kaiar i Nordfjord skal sikrast, såvel cruisekaien i Olden som Fiskerikaien i Måløy. Elles i fylket skal stort sett alle kaiar med internasjonal trafikk, i Flåm, Årdal, Høyanger og Florø også få terrorsikring.
Ferdig i sommar
Hamnedirektør Kristoffer Stokke fortel at arbeidet i Olden skal vere ferdig til syttande mai, resten av gjerda skal setjast opp før juli. Ein delegasjon frå Kystdirektoratet kjem for å godkjenne sikringa, og er det ikkje godt nok med gjerde, må vakthald vurderast. For sjølv om det verkar som om alle er imot denne terrorsikringa, meiner Stokke dette er noko vi berre må godta og venje oss til.