- Trur ikkje på Fiskå mølla

Folk på Sandane tur ikkje at Fiskå Mølle sitt nye anlegg i bygda vil halde seg innanfor lover og reglar for støy og støv.

Fiskå Mølle på Sandane

Fiskå Mølle skriv i eit svar til Fylkesmannen at dei ikkje har planer om å sette i verk noko ekstra tiltak mot støyplage for bustadhus i nærleiken av den nye forfabrikken, og meiner støyen skal halde seg trygt innanfor regelverket.

Avgrensa aktivitet om natta

Fiskå Mølle slår også fast at dei skal ha avgrensa aktivitet på nattestid og i helgar, men har søkt om løyve til å losse gravemaskinsbåtar inntil fem netter i kvartalet ved særskilde behov.

Når det gjeld støv, viser dei til drifta ved Fiskå Mølle på Fiskå, som viser at ein under vanleg drift held seg godt innanfor dei retningsliner som finst. Det kan sjølvsagt skje menneskeleg svikt ved lossing som fører til ekstra støvplager. For å hindre slike uhell, kan ein lage lukka system, men det blir dyrare, og vil føre til meir støy.

- Ikkje beroligande

Øystein Eide som er talsmann for protestlista med 200 namn, trur det blir skilnad på teori og praksis både når det gjeld støy og støvutslepp. Han viser til erfaringane med eit tilsvarande anlegg i Sand i Ryfylke.

- Dei har sagt andre ting enn det dei har vist. Det er ikkje beroligande at dei kjem med desse utspela, seier han.

Folk i nabolaget håpar difor at Fylkesmannen ikkje gjev utsleppsløyve, og dermed stoggar fabrikkplanane.