NRK Meny
Normal

- Treng uhilda gransking i Sløvåg

- Uhilda gransking etter ulykker som den i Sløvåg, er einaste sjansen til å få ro, seier Gulen-ordførar Trude Brosvik.

Sløkkingsarbeid i Sløvåg
Foto: Svein Arild Vatsø

To folkemøter har vist at folk i området er usikre på verksemda som driv i Sløvåg, og det påverkar også granskingsresultata som verksemda sjølv legg fram.

Mistanke mot Vest Tank

- Eg sat att med den følelsen etter folkemøtet i går, og den kan vere uberettiga eller berettiga. Men når vi har denne type ulykker så bør ein vurdere om ikkje ein uhilda instans er dei som skal ta prøvar i tillegg til bedrifta sine eigne, seier Brosvik.

- Eg trur ikkje vi klarer å skape ro om ikkje, og det vil og vere positivt for ei bedrift som vil få ein gode del mistankar mot seg i en slik situasjon, legg ho til med tydelege hint til all skepsis Vesttank no opplever.