Hopp til innhold

- Tragiske bompengar i Fatlaberget

- Det er nesten tragisk at folk i Sogn må betale bompengar i femten år for å rassikre Fatlaberget, seier tidlegare vegsjef Lars Lefdal.

Fatlaberget
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Steinen gjekk gjennom frontruta på bilen til kvinna.

Steinen gjekk gjennom frontruta på bilen til kvinna.

Foto: Arve Uglum / NRK

Tidlegare vegsjef Lars Lefdal går hardt til angrep på at rassikringa av riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal skal bli finansiert av bompengar. 

Tysdag omkom ei ung kvinne etter eit steinsprang på strekninga. Lefdal meiner sikringa er eit statleg ansvar. Han seier det  er opplagt at folk her ikkje burde betale for å kunne køyre trygt.

Høyr: Debatt om bompenger

-Ikkje nøye med byråkratar

Arbeidet med tunnelen som skal sikra den ekstremt rasfarlege fjellsida er godt i gang. Neste desember skal den stå ferdig. Men det var altså ikkje tidleg nok til å berga livet til Katrin Lerum.

Kai Lille-Homb som er aksjonsleiar for rassikring av riksveg 55 meiner tunnelen i mange år er blitt mottarbeida av fylkestingspolitikarar. Han synes det er forferdeleg at politikarane ikkje har forstått at området er så farleg at dei må sett alle krefter inn på å sikre vegen. 

- For å vere litt stygg trur eg det er alt for mange byråkratar som køyrer vegen og dei er det ikkje så farleg med, seier Lille-Homb. 

Pressa til bompengar

Lars Lefdal

Tidlegare vegsjef Lars lefdal

Foto: NRK

Lars Lefdal seier det i lang tid har vore svært vanskeleg å få pengar til rassikring sjølv om alvorlege nestenulukker har vist at det har vore heilt nødvendig.

Han er kritisk til at sentralestyresmakter nærast har pressa lokalpolitikarar til å godta bompengar i Fatlaberget.

-Det er nesten tragisk å tenke på at det er eigeninnsatsen som skal gjere eit slikt nødvendig tiltak mogeleg.