Hopp til innhold

- Torde ikkje ta avgjerd om ølpol

Helse- og sosialutvalet i Flora handsama i dag om kommunen skal innføre ølpol igjen. Men i staden for å gjere noko vedtak, utsette dei berre saka til april.

Øl
Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

I mellomtida skal politikarane på seminar om rus og alkoholspørsmål , skriv firda.no .

– Utvalet bør tore å ta ei avgjerd allereie i dag, meinte Jacob Nødseth (H).

Forslaget til rådmannen var å gjeninnføre ølpol i sentrum , medan butikkane på øyane og i Eikefjord får behalde ølsalet.

Heit debatt

Miriam Nesje (FrP) meinte det var prinsipplaust å la nokre butikkar få ølsal, og andre ikkje. Medan Mona Ødegård Standal i Arbeidarpartiet beklaga at debatten handla meir om pengar og næring, og ikkje om alkoholpolitikk. Som forslaget eigentleg dreier seg om.

Resultatet av møtet vart at Høgre og Framstegspartiet stod samla om å halde fram med ølsal i butikkane, medan fleirtalet gjekk inn for å utsetje saka.