Hopp til innhold

- Toler ikkje dagens lys

Det vekkjer sterke reaksjonar at Sunnmøre rådmannslag i eit nytt vedtak avviser å offentleggjere omstridde rekneskap.

Tor Bremer
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Trass i sterke protestar vil ikkje rådmannslaget gi innsyn i rekneskapa meir enn for dei to siste åra. Dette bestemte styret i laget på eit ekstraordinært møte 15. mai.

Les alt om rådmannsaka

Dermed neglisjerte dei krava frå alle fylkespartia i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, statssekretæren i kommunaldepartementet, profesorar og mange andre som har oppmoda sterkt om innsyn.

- Kan ikkje vere andre argument

Fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Tor Bremer, fryktar at rekneskapa til rådmannslaget ikkje toler dagens lys.

- Det er det inntrykket alle sit att med, og som eg også byrjar å lure på. Det kan ikkje vere nokre andre argument for å halde desse rekneskapa hemmelege.

Bakgrunnen for det massive kravet om innsyn i rekneskapa er at rådmennene saman med ektefellar har vore på ei rekkje sterkt sponsa utanlandsturar, julebord og seminar.

Mindre begava?

Åge Starheim

Åge Starheim

Foto: NRK

Stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet meiner saka er handtert på ein elendig måte av rådmennene, og er svært kritisk til at dei framleis seier nei til full offentleggjering.

- Sist eg uttalte meg om saka, så sa eg at om ein ikkje visste betre så kunne tru at dei er mindre begava. No har dei vist at dei er på grensa til dette. Eg forstår ikkje at offentleg tilsette ikkje kan stikke fingeren i jorda og sjå kva dette er for noko. Når dei ikkje klarar å ta signala, så viser dei at dei ikkje har forstått kva som er deira jobb.

- Tor Bremer fryktar at dei har noko å skjule, kva trur du?

- Eg trur Bremer har heilt rett i sine mistankar. Dette er ei alvorleg sak etter mitt skjøn, det har det iallefall blitt etter at dei ikkje har teke til vit.

Fungerande leiar i rådmannslaget, Lasse Larsson Fjørtoft, ønskjer ikkje å kommentere saka.