Dette har skjedd to gonger, og no er vi leie, seier kultur- og ungdomskonsulent Britt Marit Stadheim. - Han kan gjerne få låne utstyret, men då må han følgje reglane som alle andre, seier ho.
Det er med rimeleg krass penn at Stadheim har formulert eit brev til direktøren ved Hopstock hotell. Her skriv ho, sitat: "Det er ikkje slik at ein kvar som skal leige element sjølve kan ta seg til rette i idrettshallen. Difor ber vi om at reglane for leige vert fylgde", sitat slutt.
Kjøper eige
Og den framtredande direktøren i Vik, Carl Andre Riiber, likar på ingen måte at saka blir lagt ut på den offentlege postlista. Riiber seier han har hatt ein avtale med vaktmeisteren ved idrettshallen og meiner Stadheim overdriver problemet. Men han tek sjølvkritikk på at utstyret nokre gonger vart for seint tilbakelevert.
Oppstyret rundt saka gjer at Riiber no vil kjøpe seg sceneelement som han sjølv har på hotellet.