Hopp til innhold

- Tøft for 19-åringar å høyre skot ved hotellet

Lyden av skot og sirener prega den dramatiske natta for 15 folkehøgskuleelevar og deira lærarar. På eit hotell berre få hundremeter frå ein av åstadane sat dei då terroren råka Paris i natt.

Olav Øygard og klassa frå Danvik

TØFT: For Olav Øygard og dei 15 elevane frå Danvik folkehøgskule har det vore ei tøff natt.

Foto: Peter Mydske

– Det er klart det er tøft for 19-20-åringar å høyre at det skyt forbi hotellrommet og alle sirenene som går, fortel Olav Øygard.

Førdianaren er i Paris på tur med ei fotoklasse frå Danvik folkehøgskule. Han prisar seg lukkeleg over at ingen av dei 15 elevane brukte kvelden i går på å fotografere motiv i byen.

– Vi var slitne etter ein lang dag, og alle samla seg rundt hotellet på ettermiddagen, heldigvis. Då det skjedde så var alle på hotellet, og vi samla oss alle på eit rom og vart sittande der utover natta, fortel han.

Minst 128 menneske vart drepne og 180 personar er såra etter åtaka, som blir karakterisert som den verste terroraksjonen i Frankrike sidan andre verdskrig.

Ny tøff dag i vente

Sjølv om dei klart og tydeleg høyrde kva som skjedde rundt dei, fortel Øygard at dei kjende seg trygge inne på hotellet.

– Det går greitt med oss, og vi har stort sett kjent oss trygge. Men det var ei sterk oppleving. Det næraste var berre 500 meter unna. Vi høyrde skytinga, sirenene og lyden av helikopter over heile byen i mange timar. Eg ville ikkje seie det i går, men no kan eg seie det. Det var tøft. Det var det.

Han rosar elevane for å ikkje å uroe familiemedlemmar og vener som sat heime i Noreg og var redde for kva som skjedde. Dei er framleis på hotellet og veit lite om kva som skjer framover. Dagen i dag skulle dei brukt på museet Louvre, som det tidleg fredag kveld vart meldt om var eit av terrormåla. Laurdag er alle offentlege kontor, museum og liknande stengde.

– Vi reknar med vi kan reise som planlagt søndag. No må vi nullstille oss og tenkjer på korleis vi kan få ein meiningsfull dag, seier Øygard.