Hopp til innhold

Trengde turistar må halde seg

Turistar og reiselivsnæringa kritiserer Sogndal for altfor få og for dårlege offentlege toalett.

Toalettet ved kaien i Sogndalsfjøra.

Eitt toalett ved kaien i Sogndalsfjøra er for lite når det kjem 40 turistar til bygda.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Det er ikkje bra. Når vi kjem 40 personar, så er det eit problem å finne toalett til alle. Vi finn kanskje to eller tre toalett i Sogndal sentrum og på hamna i Kaupanger, men treng minst fire-fem skal det vere nok, seier Itshjeo Bianci.

- Like viktig som mat

Bianci er mangeårig turleiar på bussane til italienske Boscolo tours, og får støtte frå reiselivssjef i Visit Sognefjord, Glenn Arne Flåten. Også han meiner to-tre toalett er altfor dårleg.

HØYR: Reporteren skildre tilhøva trengde turistar møter i Sogndal.

Toalettrøbbel i Sogndal

Desse toaletta erstatta toaletta som skulle settast opp i Sentrumsparken i Sogndal.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Offentleg toalett høyres kanskje ganske enkelt ut og det er ikkje alle som tenker på det, men det er faktisk like viktig som mat. Dersom ikkje turistane kan gå på do, så kan heller ikkje nokon stogge her, seier han.

Toalett «gjekk i dass»

- Det er gjerne slik at ein kunne hatt eit betre tilbod, seier Arvid Valland som er leiar for kommunalteknikk i Sogndal kommune.

Kommunen prøvde å betre toalettilbodet i sentrumsparken, men det nye toalettet fall ned og gjekk regelrett «i dass» då det skulle settast på plass. Eit nytt toalett skal kome til hausten.

Ikkje imponert

Naudløysinga kommunen har kome opp med i mellomtida, imponerer ikkje reiselivssjef Flåten.

- Eg kan tenke meg korleis det ser ut inne på utedoen som ein nyttar no i Sogndal, på ein varm sommardag i 30 grader. Offentlege toalett må vere reine, og mange. Det er kjempeviktig for turistane i heile regionen, seier han.

Også i Aurland er det toalettrøbbel, der trengde turistar nytta baksida til eit kabelhus som toalett.

- Ikkje alle kan vente

Turleiar Bianci fortel at dei ofte må ty til toaletta på fergene, og håpar dermed at fleire toalett kjem på plass kring om.

- Vi kan ikkje gjere anna enn å vente til båtane. Men enkelte kan ikkje vente, så vi håpar det er fleire toalett ein annan stad, seier italienaren.