Hopp til innhold

- To bjørnar i Sogn

- Det er mykje som tyder på at det er to bjørnar i Sogn, seier leiar i Jostedalen sankelag, Arne Bjørk.

Avstanden mellom sauekadavera er så stor at det må vere to bjørnar, meiner Arne Bjørk. (Arkivfoto)
Foto: MMS-foto: Arne Eithun / NRK

Han grunngjev dette med at ferske sauekadaver blir funne med svært kort mellomrom, både i Fjærland og i Jostedalen.

 

Sjølv om ein bjørn vandrar langt og fort, trur Bjørk meir og meir på teorien om at det for tida finst to bjørnar i indre Sogn.

Fellingsløyvet på bjørnen i Sogn går på måndag. Men Bjørk trur dei fort får eit nytt løyve frå fylkesmannen.