Hopp til innhold

- Tjukk røyk i rommet då eg vakna

- Det var tungt å puste, og det einaste eg tenkte på var at eg måtte ut med ein gong, fortel Daniel Fluge (20) etter den dramatiske husbrannen i Sogndal 17. mai.

Husbrann i Sogndal.
Foto: Ole Petter Heggestad

Fluge låg og sov i andre etasje då han vakna av røykvarslaren. Han opna vindauget, og hoppa ned på eit lite tak, før han igjen hoppa ned på plenen.

Husbrann i Sogndal.
Foto: NRK

Han var den siste som kom seg ut av dei sju som var i huset. Då hadde to av dei andre som budde i huset alt ringt brannvesenet.

Fluge er lærarstudent og miste alle førelesingsnotatane, bøkene, cd'ane og datamaskina i brannen.

Hoppa frå verandaen

To andre som budde i huset måtte i siste liten hoppe frå verandaen i den dramatiske brannen. Den eine fekk øydelagt ei tann og vart påført litt skrubbsår. Ingen andre vart skadde.

Brannen var så kraftig at eit nabohus som ligg like ved måtte evakuerast. Men takka vere gunstig vindretning og rask innsats frå brannvesenet som spylte vatn på huset vart ikkje dette huset påført skader.

Einebustaden som ligg i Navarsetevegen i Sogndal vert leigd ut til hyblar for studentar. Det budde to gutar i huset, og dei hadde fem personar på besøk natta til nasjonaldagen. Alle sju låg og sov til klokka nærma seg halv seks, då brannen brått vekte dei.

Rosar ungdommane

Rolf Navarsete, som er nabo til det no nedbrente huset, seier han er imoponert over ungdommane.

- Dei kom seg raskt ut, og fekk varsla både brannvesenet og naboane raskt.

Han hadde fleire av dei sju ungdommane på besøk dei første timane etter brannen.

Det er førebels ukjent kva som er brannårsaka.