Hopp til innhold

- Terraturar kan vere korrupsjon

Kommuneleiinga i Bremanger sine mange turar i regi av Terra kan bli betrakta som ei korrupsjonssak. Kommunerevisor Terje Førde seier det er fleire spørsmål som endå ikkje er funne svar på.

Terra Securities
Foto: Scanpix

- Ein må sjå på kven som har vore med på turane, og kva dei har inneheldt. Vi ser òg at det ikkje har vore rapportert for turane, seier han.

Sju turar

I ein ny rapport om Bremanger Kommune sine investeringar gjennom Terra Securities reiser Førde nokre spørsmål som ikkje blir svart på. Kva skjedde eigentleg på dei mange turane kommuneleiinga deltok på som var sponsa av Terra Securities?

Til saman var det sju turar til stadar som Barcelona, Brussel og Frankfurt.

I revisjonsrapporten skriv revisor at dei ikkje har fått sett nærare på om turane hadde eit reelt fagleg innhald, og om det og er motteke gåver frå Terra

- Vi stiller dei spørsmåla i rapporten, om det er motteke andre godar enn akkurat turane.

- Dette må fram i lyset, men per i dag har eg ikkje grunnlag for å sei om dei eksisterer, seier Førde.

Som konklusjon skriv revisor at " det er heller ikkje vurdert om dette reelt sett må betraktast som smøreturar, mogleg korrupsjonssak, eller liknande. Dette er forhold som revisor og eller kontrollutval vil måtte kome tilbake til seinare."

 

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Ordførar Kåre Olav Svarstad

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Avkrefter gåver

Ordførar Kåre Olav Svarstad, rådmann Tor Kristian Gulhaugen og økonomisjef Reidar Håvardstun seier til NRK at dei ikkje har motteke gåver frå Terra. Gulhaugen seier kona var med på to av turane, men at han tok rekninga. Svarstad seier og det var eit reelt fagleg innhald på turane.