Hopp til innhold

- Tarefare, varslar forskar

Høge temperaturar i sjøen kan vere årsaka til ein dramatisk nedgang i mengden av tare dei siste åra. Nedgangen kan få alvorlege konsekvensar.

- Viss temperaturen held fram å auke er eg bekymra, og det burde andre og vere, seier forskar Vivian Husa ved Havforskingsinstituttet.

Ho har forska på tare langs norske-kysten. Populasjonen av sukkertare har hatt ein dramatisk nedgang dei siste åra. Butaren og stortaren har og minka, men mest alvorleg er det for sukkertaren.

Mykje tyder på at hovudårsaka er uvanleg høg temperatur i havet.

 - Vi trur at temperaturen er ei viktig årsak til at sukkertaren døyr i Skagerrak, og at dette berre er byrjinga på endringar som vi vil sjå viss vi får veldig mange varme somrar framover.

Nye sjøplantar

I Sognefjorden er det alt funne fleire nye sjøplantar som kjem til der sjøen er varm. Samstundes døyr andre plantar ut i det varme vatnet. Det kan få alvorlege konsekvensar for oss menneske.

- Det er som skogen. Viss du høgg ned skogen, får du heilt andre artar og dei dyra som var i skogen er plutseleg borte vekk.

Syndaren

I åra framover er det venta endå høgare temperaturar. Men fram til ein har sikre bevis for årsaka til tarenedgangen, er det umogleg å vite kva for tiltak som må til for å hindre utviklinga. Utslepp i sjøen kan stoggast, men om klimaendringane er syndaren, må ein ty til andre verkemiddel.

- Viss det skuldast klima og varme somrar er det ikkje noko anna å gjere enn å finne politiske løysingar for å stogge den globale oppvarminga, seier forskar Vivian Husa..