Hopp til innhold

- Tapar mange hundre tusen

4H kjem til å tape mange hundre tusen fordi dei måtte avlyse den nordiske leiren i Gloppen

4H leir i Breim
Foto: Steinar Lote / NRK

- 4H vil tape mange hundre tusen på at vi måtte avlyse den nordiske leiren som følgje av utbrotet av svineinfluensa.

Det seier generalsekretær i 4H, Astrid Solberg.

- Nokre hundre tusen i underskot

Solberg seier det vil ta lang tid før dei veit nøyaktig kva avbrotet av leiren vil koste, men trur det vil bli snakk om eit sekssifra beløp.

- Eg anslår at vi vil gå nokre hundre tusen i underskot. Vi må no sjå på alle kostnadane vi har hatt som vi ikkje får dekka, seier Solberg.

Må kaste mat

Vi har mellom anna mat for 2000 personar i tre dagar som vi må kvitte oss med på ein fornuftig måte, fortel Solberg.

Mykje av maten må rett i boss fordi Mattilsynet nektar nokon å bruke den.

- Går ut over tilbodet til 4H lokalt

Leiren skulle bida positiv til drifta av 4H, og spesielt for 4H lokalt.

- No vil det mest truleg vere tiltak som ikkje kan gjennomførast i Sogn og Fjordane på grunn av at vi tapar pengar på leiren, seier Solberg.