Hopp til innhold

- Tanken om nedlegging er heilt død

Sogn jord- og hagebruksskule som i årevis har levd eit utsett liv ser ut til å nok ein gong bli redda i siste liten.

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

FRAMTIDA: Ordførar i Aurland, Noralv Distad kjenner seg trygg på at Sogn jord- og hagebruksskule endeleg er sikra vidare liv.

Foto: Silje Immel Slettestøl

– No er alle samde om at skulen har livets rett, og tanken om å legge skulen ned er heilt død, seier ein glad ordførar i Aurland, Noralv Distad.

For i hovudutvalet for opplæring sitt møte vart det semje om at fylkeskommunen skal spytte i 20 millionar kroner til Sogn jord- og hagebruksskule. Det er kostnadsrekna at skulen i åra framover vil trenge opprusting for nær 80 millionar kroner. Eit så stort beløp kan bli vanskeleg å skaffe.

– Forslaget er at det blir gjennomført eit vedlikehaldsprosjekt på skulen, slik at den kan brukast i mange år framover. Kjem det inn mykje meir pengar frå stat og venneforeininga til dømes, kan ein kanskje realisere eit ideelt prosjekt med eit nybygg, forklarar Distad.

Han håpar også at private investorar etter kvart vil sjå på skulen som ei interessant investering.

Får pengar frå fleire hald

I tillegg til at fylkeskommunen truleg løyver 20 millionar, har Aurland kommune sett av fem millionar kroner. I statsbudsjettet er det også føreslått å løyve fem millionar kroner til skulen. Ei nyoppstarta venneforeining jobbar også på spreng for å sikre meir pengar til skulen.

Leiar i opplæringsutvalet, Norvall Nøringset frå SV, seier han håpar dei totale løyvingane vil gjere at skulen kan halde fram.

Sogn jord og hagebruksskule i Aurland

TRUGA: Økoskulen i Aurland har vore på mange kuttlister gjennom åra, no ser det ut som den negative trenden har snudd.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det blir ei litt mindre utbygging og mindre restaurering, men vi håpar det er nok til å berge skulen ein del framover. Så får vi sjå kva Fylkestinget avgjer i juni, seier Nøringset.

Snuoperasjon for skulen

Ved skulen er det landslinje for økologisk landbruk, og skulen har også eit stort kompetansemiljø for økologisk landbruk og berekraftig næringsutvikling.

Aurlandsordførar Distad er imponert over snuoperasjonen som er gjennomført. For etter fleire år med negative nyhende om og for skulen, ser ting endeleg ut til å ha lysna.

– No stig talet på søkjarar, mange i fylket nyttar seg av kurs og vidareutdanning der. Haldninga til skulen har endra seg i positiv retning, og kundane etterspør slike produkt. Vårt fokus har vore at skulen har livets rett. Det har store verdiar og moglegheiter for framtida som vi treng i Aurland, fylket vårt og landet elles. Det vi har stått for har vi fått gjennomslagskraft for, seier Distad.