Hopp til innhold

- Tankane burde vore kassert

Tankane som torsdag eksploderte ved Vest Tank i Sløvåg er nærare 20 år gamle. - Begge er flytta og har tidlegare hatt lekkasjar, hevdar leiar Kurt Oddekalv ved Miljøvernforbundet.

Tankeksplosjon i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Dagleg leiar i Vest Tank, Jostein Berland, stadfestar til NRK Sogn og Fjordane at 13 av 15 tankar ved anlegget er mellom 15 og 20 år gamle.

- Burde vore kassert

Leiar i Miljøvernforbundet, Kurt Oddekalv, er derimot i harnisk over tilstanden til tankane. No vil han gå til politiet med informasjon han har fått gjennom det han hevdar er truverdige vitneforklaringar og rapporter. Etter det Oddekalv kjenner til er tankane til Vest Tank ikkje berre gamle, men også kassert ved sine tidlegare tilhaldsstadar på Sola i Rogaland og ved Breivik i Bergen. Oddekalv hevdar vidare at det har vore lekkasjar på tankane.

- Ved Fina Breivik i Bergen var det to store utslepp. Tankane var nedslitne og i utgangspunktet kassert. Dei to siste kom frå Sola. Også der var det lekkasje. Desse var i utrangert og botnane var veldig dårlege, seier han.

Dårleg kontroll

- Vi tvilar sterkt på om ventilar og leidningar på desse tankane er trykktesta, held Oddekalv fram. Leiaren i Miljøvernforbundet er sterkt kritisk til Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB).

- Dette vitner om dårleg kontroll frå tilsynsmynda, men det handlar og om moral. Det står ein del slike tankar kring om i landet utan at det er noko særleg kontroll på det. Dette var eit worst case og ein var rett og slett kjempeheldige, seier han.

Avviser kritikk

Dagleg leiar ved Vest Tank, Jostein Berland, avviser både kritikken og at det har vore lekkasjar på tankane før dei kom til Sløvåg.

- Tankane vert ikkje utslitte på lang tid. Dei har levetid opp i mot flere hundre år. Når tankane vert flytta blir dei inspisert av eit tredjepartselskap, resertifisert når kjem opp og får alle godkjenningar som er naudsynt for å innehalde dei produkt vi har i Sløvåg, seier han.