Hopp til innhold

- Talet på dopa ungdom er skyhøgt

Undersøking viser at heile fire prosent av norske ungdomar brukar anabole steroid.

Doping

Illustrasjon

Foto: STR / REUTERS

Frode Hestnes i Anti-Doping Norge seier at doping er ettertrakta blant unge fordi mange unge menn vil sjå ut som filmstjerner.

- Det er ikkje lenger viktigast å kaste lengst eller å vere størst, men viktigast å sjå bra ut. Vi ser ein heilt klar trend i å bruke dopingmidlar for å få ein penare og meirveldefinert kropp, meir lik dei ideal som er i samfunnet, seier han.

- Toppen av isfjellet

I går kom det fram at politiet har rulla opp eit stort dopnettverk med base i Sunnfjord . I alt 63 personar i alderen 17 til 40 år er pågripne og politiet beslagla store mengder doping og narkotika . Det er oppretta 200 straffesaker under opprullinga.

- Eg vil tru at vi no berre ser toppen av isfjellet, seier avdelingsoverlege Ernst Lien ved hormonlaboratoriet på Haukeland Universitetssykehus.

- Ser ikkje baksida

Kvar veke får Lien inn blodprøvar som viser at unge går på anabole steroid. Lien trur ikkje at ungdomane ser baksida av det som kan virke som ein snarveg til stor og muskulløs kropp.

Pressekonferanse på Sunnfjord hotell
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bruk av anabole steroid er skrumping av testiklar, hjerneslag, hjarteinnfarkt og psykisk ustabilitet . Og ikkje minst det som gjorde at politiet i Sogn og Fjordane byrja å sjå nærare på saka - meir aggresjon og valdsbruk.

Bruk kan bli straffbart

I dag er det ikkje ulovleg å dope seg. Då saka byrja å rulle, tok tidlegare vektløftar Stian Grimseth til orde for å sidestille dop og narkotika .

Rett før jul varsla Trond Giske at han vil vurdere dette.